Søre Lia seterveger
Bompassering
Brukervegleiing
Her kan du hente brukervegleiing for bomsystemet.
Priser
Bomsatsane skil på kjørety over og under 7500 kg. Traktor og motorsykkel kjøyrar gratis. Setervegen sel også sesongkort. Les meir om dette under menypunktet Bomavgift.
Betale bompassering
Eigaren av bilen blir fakturert for passeringa. Passeringa kan betalast gebyrfritt innan 48 timar på youpark.no. Det lønner seg å opprette brukerkonto hos youpark.no. Det går også an å førehandsbetale passeringa hos youpark.no.
Problem med å betale eller registrere bruker
Ring kundeservice hos Youpark på telefon 47 70 07 00.
Sesongkort
Typer sesongkort
Sommarkort gjeld frå 1. mai til 31. oktober.
Vinterkort frå 1. november til 30. april.
Les meir under menypunktet Bomavgift.
Bytte bil
Dersom du har sesongkort og har bytta bil, må du logge inn på youpark.no (oppe til høgre på sida) og gå til "Min side". Der endrer du registreringsnummeret på dei aktuelle abonnementa. Du kan ikkje endre registreringsnummer hyppigare enn kvar 4. dag.
Mange som bruker hytta
Dersom det er fleir enn to bilar som skal passere bommen, er det fleir alternative måtar å løyse dette på:
-
Betale pr passering for bil nr tre
-
Kjøpe ekstra abonnement (berre medeigarar i vegen kan kjøpe tilleggskort)
-
Endre registreringsnummer på abonnementet. Det er ei "karantenetid" på fire dagar for skifte av bil. Dvs at når du har registret ein bil på abonnementet, kan ikkje denne endrast før det har gått fire dagar. Dersom delar av familien/eigarane er på hytta til ulike tider av året, kan dette vere eit enkelt og rimeleg alternativ.
Lurt å sjekke ved sesongstart sommar og vinter
Når vinter- eller sommarsesongen startar er det lurt å sjekke at du har gyldig abonnement (sesongkort). Sjekk om rett bil er registrert på abonnementet og om du har gyldig betalingskort registrert.
Drift og vedlikehald
Brøyting
Vegen blir brøyta frå Bjørnstulen til Fagerhøy og med sidevegane til Nysetra og Heggesetra. Vegen blir ikkje brøyta mellom kl 20.00 og kl 07.00. Ved uvær vil det kunne bli lengre opphald med brøyting.
Stenging
Vegen kan bli stengt ved uvær, i vårløysinga og ved andre tilfelle der styret finn det påkrevd at vegen blir stengt
Vedtekter
Vedtektene finn du her.
Årsmøte
Årsmeldinga for 2020 finn du her og årsrekneskapet her..