top of page

Bomavgift

Det er bom ved innkjøringa til setervegen på Bjørnstulen. Dette er ein elektronisk bom med kamera som les registreringsnummeret til bilen. Brukarvegleiing.

 

youpark.no kan du betale passeringa direkte innan 48 timer. Faktura blir sendt eigaren av bilen dersom passeringa ikkje er betalt i løpet av dei første 48 timane. Ved faktura blir det fakturert  fakturagebyr i tillegg til bomavgift. Det vil lønne seg å opprette brukerkonto hos Youpark og legge inn betalingskort og bilens registreringsnummer der. Da vil passeringer automatisk bli trekt frå betalingskortet. Passering i andre av Youpark sine bommar vil også bli trekt automatisk dersom betalingskort og registreringsnummer er registrert. Ta kontakt med Youpark på telefon 47700700 for å få hjelp til oppretting av brukerkonto.

Prisane på bompassering og sesongkort finn du på youpark.no.

Sesongkort

Setervegen tilbyr sesongkort (abonnement) for sommar (1. mai til 31. oktober) og vinter (1. november til 30. april). Gå inn på youpark.no og klikk "Kjøpe abonnement". Skriv "Søre Lia seterveg" i søkefeltet.

For sesongkort har setervegen to kundegrupper:

  1. Dei utan eigedom i området

  2. Dei med eigedom (hytte, seter, tomt, utmarksteig o.l.). Denne gruppa blir nedanfor omtala som andelseigar/bruksrettshavar.

Forskjellen på dei to gruppene er i tillegg til pris at andelseigarar og bruksrettshavarar har tilgang til å registrere fleir bilar på abonnementet og at dei er pliktige til å betale ei årleg vedlikehaldsavgift. Sommarkort for andelseigar/bruksrettshavar dekker denne vedlikehaldsavgifta.

Ved kjøp av sesongkort er det viktig at du registrerar betalingsmetode (faktura eller betalingskort) og registreringsnummer på bilen. Merk at registreringsnummer må du legge inn etter at du har klikka "Betal". Vi tilrår at du huker av for automatisk fornying. Da vil abonnementet automatisk starte opp at neste år. Du vil få ei påminning om dette med ein betalingslenke når sesongkortet startar opp att. 

 

Endringer i abonnementet kan du gjere ved å logge inn og gå til "Min side" på youpark.no. Ta kontakt med Youpark på telefon 47700700 for å få hjelp.

For andelseigarar og bruksrettshavarar 

For at vegstyret skal kunne sikre at kjøparen av abonnementet er bruksrettshavar eller medeigar i vegen må kjøp av desse abonnementa gjennom ei godkjenning før abonnementet blir aktivt. Gnr og bnr skal registrerast i feltet for tilleggskommentarar for at kjøpet skal bli godkjent.

 

Eigaren av bilane som blir registrert på abonnementet skal ha ein relasjon til eigedomen. Mange eigedomar har fleir eigarar og det er ingenting i vegen for at bilane som blir registrert tilhøyrar ulike eigarar.

Pliktig sommarkort (vedlikehaldsavgift):

For å sikre ei stabil inntekt til vedlikehald av vegen, er medeigarar og bruksrettshavar pliktig til å betale vedlikehaldsavgift. Dette med bakgrunn i vedtektene (fastsett av Vest-Oppland og Sør-Gudbrandsdal Jordskifteretten 8. juli 2014). Vedlikehaldsavgifta blir fakturert på slutten av året. Dei som har kjøpt sommarkort eller årskort for andelseigar/bruksretthavar behøver ikkje betale vedlikehaldsavgift i tillegg.

Det er mange ulike eigarkonstellasjonar på eigedomane som er knytt til vegen. I utgangspunktet skal det betalast vedlikehaldsavgift for alle eigedomane i området. For at avgiftssystemet skal kunne forvaltast  på ei enkel og mest mogleg rettferdig måte er det gjort eit skilje mellom eigedomar med bueining (hytte, sel el.l.) og eigedomar utan.

Prinsipp for pliktig til å betale vedlikehaldsavgift (sommarkort eller årskort) for andelseigar/bruksrettshavar: 

  1. Eigarar av bebygde fritidseigedomar betaler avgift pr bebygd eigedom og betaler ikkje  for eventuelle ubebygde tomter

  2. Eigarar av berre ubebygde tomter, betaler ei avgift

  3. Eigarar av reine landbrukseigedomar betaler ei avgift. 

  4. Eigarar av bebygd landbrukseigedomar, men også bebygd fritidseiegedom, betaler ei avgift

  5. Andelseigar/bruksrettshavar som ikkje kjøper sommarkort eller årskort vil bli fakturert for manglande betalt vedlikehaldsavgift pluss administrasjonsgebyr i løpet av hausten (etter 1. november).

.

Tilknytningsavgift: 

Nye fritidseigedomar (tomter) som oppstår ved frådeling blir krevd ei eingongsavgift. Avgifta blir krevd frå seljaren av eigedomen. 

Anker 1
Anker 2
Anker 3
bottom of page